Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 2:9-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Han vernar sine trugne ¬på vegen,men dei gudlause ¬forgår i mørkret.For ingen er sterk i eiga kraft.

10. Dei som strider mot Herren, ¬går til grunne.Han lèt det torna over dei ¬frå himmelen,Herren dømer den vide jord.Måtte han gje sin konge styrkeog sin salvevigde stor kraft!

11. Så fór Elkana heim att til Rama. Men guten vart verande der og gjorde teneste for Herren, og Eli, overpresten, hadde tilsyn med han.

12. Sønene til Eli var gudlause menn. Dei kjende ikkje Herren

13. og brydde seg ikkje om kva prestane hadde rett til å krevja av folket. Når nokon bar fram eit slaktoffer, kom prestens tenar medan dei koka kjøtet. Han hadde med seg ein tretinda gaffel.

14. Den stakk han ned i panna eller gryta, kjelen eller krukka, og alt som kom opp med gaffelen, tok presten sjølv. Såleis bar dei seg åt mot alle israelittar som kom til Sjilo.

15. Endå før dei hadde brent feittet, kom prestens tenar og sa til den som ofra: «Hit med steikjekjøt til presten! Han tek ikkje imot kokt kjøt av deg, berre rått.»

16. Om då mannen svara: «Fyrst må feittet brennast, sidan kan du ta det du vil,» så sa tenaren: «Nei, lat meg få det straks, elles tek eg det med makt!»

17. Den synda dei unge mennene gjorde for Herrens åsyn, var ovstor; dei hadde ikkje vørdnad for Herrens offer.

18. Imedan gjorde Samuel teneste for Herren. Endå han berre var ein smågut, bar han presteklede av lin.

19. Og mor hans laga kvart år ein liten kjortel til han. Den tok ho med når ho saman med mannen sin drog opp og skulle bera fram det årlege slaktofferet.

20. Då velsigna Eli Elkana og kona hans og sa: «Herren gjeve deg fleire born med denne kvinna i staden for han som ho bad om for Herrens skuld!» Så fór dei heim att.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 2