Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 2:26-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Men guten Samuel voks og vart stor og var til hugnad for Herren og for menneske.

27. Det kom ein gudsmann til Eli og sa til han: Så seier Herren: Eg openberra meg for farsætta di då ho var i Egypt og laut træla for farao og mennene hans.

28. Og eg valde henne ut mellom alle Israels ætter til å gjera presteteneste for meg, til å ofra på altaret mitt, brenna røykjelse og bera presteklede for mitt åsyn. Og eg gav farsætta di retten til alle eldoffera frå israelittane.

29. Kvifor viser du vanvørdnad for slaktofferet og grødeofferet mitt, som eg har gjeve påbod om i min bustad? Kvifor ærar du sønene dine meir enn meg, med di de gjør dykk med det beste av alle dei offergåver som Israel, folket mitt, ber fram?

30. Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud: Eg har nok sagt at di ætt og farsætta di alle dagar skal gjera teneste for mitt åsyn. Men no lyder ordet frå Herren: Så skal det ikkje vera! Dei som ærar meg, vil eg æra, og dei som vanvørder meg, skal verta til skammar.

31. Dagar skal koma då eg bryt både di makt og makta åt farsætta di, så ingen vert gamal i ætta di.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 2