Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 2:14-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Den stakk han ned i panna eller gryta, kjelen eller krukka, og alt som kom opp med gaffelen, tok presten sjølv. Såleis bar dei seg åt mot alle israelittar som kom til Sjilo.

15. Endå før dei hadde brent feittet, kom prestens tenar og sa til den som ofra: «Hit med steikjekjøt til presten! Han tek ikkje imot kokt kjøt av deg, berre rått.»

16. Om då mannen svara: «Fyrst må feittet brennast, sidan kan du ta det du vil,» så sa tenaren: «Nei, lat meg få det straks, elles tek eg det med makt!»

17. Den synda dei unge mennene gjorde for Herrens åsyn, var ovstor; dei hadde ikkje vørdnad for Herrens offer.

18. Imedan gjorde Samuel teneste for Herren. Endå han berre var ein smågut, bar han presteklede av lin.

19. Og mor hans laga kvart år ein liten kjortel til han. Den tok ho med når ho saman med mannen sin drog opp og skulle bera fram det årlege slaktofferet.

20. Då velsigna Eli Elkana og kona hans og sa: «Herren gjeve deg fleire born med denne kvinna i staden for han som ho bad om for Herrens skuld!» Så fór dei heim att.

21. Og Herren kom Hanna i hug, så ho vart med barn att. Ho fekk tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hjå Herren.

22. No var Eli svært gamal. Då han fekk høyra kva sønene hans gjorde mot alle israelittane, og at dei låg med kvinnene som gjorde teneste ved møteteltdøra,

23. sa han til dei: «Kvifor gjer de slikt? Eg høyrer alle menneske tala om den vonde åtferda dykkar.

24. Nei, søner! Det er ikkje noko godt ord som går om dykk i Herrens folk etter det eg høyrer.

25. Når ein mann syndar mot ein annan, skal Gud døma han. Men når ein mann syndar mot Herren, kven skal då be for han?» Men dei høyrde ikkje på far sin, for Herren ville at dei skulle døy.

26. Men guten Samuel voks og vart stor og var til hugnad for Herren og for menneske.

27. Det kom ein gudsmann til Eli og sa til han: Så seier Herren: Eg openberra meg for farsætta di då ho var i Egypt og laut træla for farao og mennene hans.

28. Og eg valde henne ut mellom alle Israels ætter til å gjera presteteneste for meg, til å ofra på altaret mitt, brenna røykjelse og bera presteklede for mitt åsyn. Og eg gav farsætta di retten til alle eldoffera frå israelittane.

29. Kvifor viser du vanvørdnad for slaktofferet og grødeofferet mitt, som eg har gjeve påbod om i min bustad? Kvifor ærar du sønene dine meir enn meg, med di de gjør dykk med det beste av alle dei offergåver som Israel, folket mitt, ber fram?

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 2