Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 2:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Hanna bad og sa: Mitt hjarta frydar seg i Herren,Herren gjev meg stor kraft.No kan eg le åt mine fiendar,for eg gleder meg over di frelse.

2. Ingen er heilag som Herren,for ingen er til utan du,og det finst ikkje fjell ¬som vår Gud.

3. Slutt med kyt og kaute ord,hald opp ¬med all den frekke talen!For Herren er ein Gud ¬som allting veit,han prøver kvar ei gjerning.

4. Stridsmenns bogar vert brotne;men dei trøytte ¬bur seg med kraft.

5. Dei mette må tena for brødet,og dei svoltne svelt ikkje meir.Barnlaus kvinne får sju søner,den barnerike visnar bort.

6. Herren tek liv og gjev liv,han sender menneske ¬til dødsriketog kan føra dei opp derifrå.

7. Herren gjer fattig, ¬og han gjer rik,han fornedrar, ¬og han opphøgjer.

8. Han reiser småkårsfolk ¬or støvet,lyfter den fattige or oska,sessar han saman med ¬stormennog gjev han eit ærefullt sete.For søylene under jorda ¬høyrer Herren til,han bygde jorderiket på dei.

9. Han vernar sine trugne ¬på vegen,men dei gudlause ¬forgår i mørkret.For ingen er sterk i eiga kraft.

10. Dei som strider mot Herren, ¬går til grunne.Han lèt det torna over dei ¬frå himmelen,Herren dømer den vide jord.Måtte han gje sin konge styrkeog sin salvevigde stor kraft!

11. Så fór Elkana heim att til Rama. Men guten vart verande der og gjorde teneste for Herren, og Eli, overpresten, hadde tilsyn med han.

12. Sønene til Eli var gudlause menn. Dei kjende ikkje Herren

13. og brydde seg ikkje om kva prestane hadde rett til å krevja av folket. Når nokon bar fram eit slaktoffer, kom prestens tenar medan dei koka kjøtet. Han hadde med seg ein tretinda gaffel.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 2