Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 18:19-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Men då tida kom at David skulle få Merab Saulsdotter, vart ho gift med Adriel frå Mehola.

20. Men Mikal, dotter til Saul, hadde fått David kjær. Då Saul fekk vita det, lika han det godt.

21. «Han skal få henne,» tenkte Saul. «Ho skal verta ei snare for han, så han fell i filistarhand.» Difor sa Saul til David andre gongen: «Du skal verta verson min.»

22. Og til mennene sine sa han: «Tal med David i løynd og sei: Kongen tykkjer vel om deg, og alle mennene hans held av deg. No må du verta verson til kongen.»

23. Då mennene til Saul kviskra dette i øyra på David, sa han: «Synest de det er så lite verdt å vera verson til kongen at ein fattig og lågætta mann som eg kan verta det?»

24. Mennene til Saul fortalde kongen kva David hadde svara.

25. Då sa Saul: «Gå og sei til David at kongen ikkje ynskjer anna festargåve enn førehuda av hundre filistarar; såleis vil han hemna seg på fiendane sine.» Men Saul tenkte med seg: «Då kjem filistarane til å drepa David.»

26. Då kongsmennene fortalde David kva Saul hadde sagt, gledde det han å høyra at han skulle verta verson til kongen. Og før tida var ute,

27. gjorde David seg ferdig og drog av stad med mennene sine. Han slo i hel to hundre filistarar, tok førehudene deira med seg og la dei alle fram for kongen, så han kunne verta verson hans. Då lét Saul han få Mikal, dotter si, til kone.

28. No såg Saul at Herren var med David, og han skjøna at Mikal, dotter hans, heldt av han.

29. Då vart han endå reddare David og var hans fiende all sin dag.

30. Filistarhovdingane gjorde ofte hærferder. Og kvar gong dei drog ut, gjekk det betre for David enn for alle dei andre mennene til Saul, og han vann seg eit stort namn.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 18