Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 49:9-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Ein løveunge er Juda!Frå rov er du komen heim, ¬son min.Han legg seg ned ¬og strekkjer seg som ei løve,som ei løvemor ¬– kven vågar å vekkja han?

10. Ikkje skal kongespir ¬vika frå Judaeller styrarstaven ¬frå føtene hans,til den rette kongen kjem,han som folka skal lyda.

11. Han bind sitt esel i vintreet,sin fole i den edle ranka.Han vaskar sin klednad i vin,sin kjortel i drueblod.

12. Hans augo er mørkare enn vin,hans tenner kvitare enn mjølk.

13. Sebulon bur ¬utmed havsens kyst,utmed stranda ¬der skutene landar,med ryggen vend mot Sidon.

14. Jissakar er eit sterkbygt eselsom ligg mellom kløvkorgene.

15. Han såg at det var godt å kvila,og at landet var fagert.Då bøygde han nakken ¬under børaog vart ein ufri træl.

16. Dan skal døma sitt folk,han som dei andre ¬Israels-ættene.

17. Dan skal vera ein orm på vegen,ein hoggorm attmed stigen;han høgg hesten i hælane,så ryttaren ryk på ryggen.

18. – Eg ventar på di frelse, Herre.

19. Røvarflokkar ryk på Gad,men han driv dei på flòg.

20. Feit er føda hans Asjer,han set fram kongelege retter.

21. Naftali er ei hind ¬som spring fritt;han talar fagre ord.

22. Josef er eit ungt frukttre,eit ungt frukttre attmed kjelda;greinene kliv opp etter muren.

23. Bogeskyttarane eggja han,dei skaut og sette etter han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 49