Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 49:21-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Naftali er ei hind ¬som spring fritt;han talar fagre ord.

22. Josef er eit ungt frukttre,eit ungt frukttre attmed kjelda;greinene kliv opp etter muren.

23. Bogeskyttarane eggja han,dei skaut og sette etter han.

24. Men bogen hans er fast og sterk,leduge er hans armar og hender.Han får hjelp ¬av Jakobs Veldige,av han som er hyrdingen, ¬Israels Berg,

25. av Gud åt far din ¬– han hjelpe deg,Gud Den Allmektige ¬– han signe degmed signing ¬frå himmelen der oppe,med signing ¬frå havdjupet der nede,med signing ¬frå bryst og morsliv.

26. Velsigningane åt far din ¬er rikareenn velsigningane ¬frå dei eldgamle fjell,enn herlegdomen ¬åt dei evige høgder.Lat dei koma ¬over Josefs hovud,over krona på hansom er hovding ¬mellom sine brør.

27. Benjamin er ein rovhuga ulv.Om morgonen et han ran,om kvelden skifter han ¬hærfang.

28. Dette var alle Israels-ættene, tolv i talet. Og dette sa far deira til dei då han velsigna dei. Kvar av dei fekk si eiga velsigning.

29. Så sa Jakob til sønene sine: «No fer eg til folket mitt. Gravlegg meg då hjå fedrane mine i hola på jordet åt hetitten Efron.

30. Det er den hola som er på Makpela-jordet, austanfor Mamre i Kanaan, det jordstykket som Abraham kjøpte av hetitten Efron til eigande gravstad.

31. Der gravla dei Abraham og Sara, kona hans; der gravla dei Isak og Rebekka, kona hans; og der gravla eg Lea.

32. Både jordet og hola der var kjøpte av hetittane.»

33. Då Jakob hadde gjeve desse føresegnene til sønene sine, drog han føtene opp i senga. Så anda han ut og fór til folket sitt.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 49