Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 49:2-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Kom saman og høyr, ¬de Jakobs søner,høyr på Israel, far dykkar!

3. Ruben, min eldste son er du,mi kraft og den fyrste frukt ¬av min manndom;høgst i vørdnad, størst i velde.

4. Du brusar over som vatnet,men du skal ingen føremon ha.For du steig opp i senga ¬åt far din,då vanæra du henne ¬– du låg på mi lege.

5. Simeon og Levi er brør.Valdsvåpen er deira sverd.

6. Eg vil ikkje møta i deira råd,vil ikkje vera med ¬i deira samkomer.For i sinne slo dei menner i hel,og sjølvrådig ¬skamskar dei oksar.

7. Forbanna vere ¬ein harme så strid,eit sinne så veldig som deira!Eg vil sprengja dei sund i Jakobog spreia dei ut over Israel.

8. Juda, deg prisar brørne dine;handa di tek fiendane i nakken,sønene åt far din ¬bøyer seg for deg.

9. Ein løveunge er Juda!Frå rov er du komen heim, ¬son min.Han legg seg ned ¬og strekkjer seg som ei løve,som ei løvemor ¬– kven vågar å vekkja han?

10. Ikkje skal kongespir ¬vika frå Judaeller styrarstaven ¬frå føtene hans,til den rette kongen kjem,han som folka skal lyda.

11. Han bind sitt esel i vintreet,sin fole i den edle ranka.Han vaskar sin klednad i vin,sin kjortel i drueblod.

12. Hans augo er mørkare enn vin,hans tenner kvitare enn mjølk.

13. Sebulon bur ¬utmed havsens kyst,utmed stranda ¬der skutene landar,med ryggen vend mot Sidon.

14. Jissakar er eit sterkbygt eselsom ligg mellom kløvkorgene.

15. Han såg at det var godt å kvila,og at landet var fagert.Då bøygde han nakken ¬under børaog vart ein ufri træl.

16. Dan skal døma sitt folk,han som dei andre ¬Israels-ættene.

17. Dan skal vera ein orm på vegen,ein hoggorm attmed stigen;han høgg hesten i hælane,så ryttaren ryk på ryggen.

18. – Eg ventar på di frelse, Herre.

19. Røvarflokkar ryk på Gad,men han driv dei på flòg.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 49