16. Dan skal døma sitt folk,han som dei andre ¬Israels-ættene.
17. Dan skal vera ein orm på vegen,ein hoggorm attmed stigen;han høgg hesten i hælane,så ryttaren ryk på ryggen.
18. – Eg ventar på di frelse, Herre.
19. Røvarflokkar ryk på Gad,men han driv dei på flòg.
20. Feit er føda hans Asjer,han set fram kongelege retter.
21. Naftali er ei hind ¬som spring fritt;han talar fagre ord.
22. Josef er eit ungt frukttre,eit ungt frukttre attmed kjelda;greinene kliv opp etter muren.
23. Bogeskyttarane eggja han,dei skaut og sette etter han.
24. Men bogen hans er fast og sterk,leduge er hans armar og hender.Han får hjelp ¬av Jakobs Veldige,av han som er hyrdingen, ¬Israels Berg,
25. av Gud åt far din ¬– han hjelpe deg,Gud Den Allmektige ¬– han signe degmed signing ¬frå himmelen der oppe,med signing ¬frå havdjupet der nede,med signing ¬frå bryst og morsliv.
26. Velsigningane åt far din ¬er rikareenn velsigningane ¬frå dei eldgamle fjell,enn herlegdomen ¬åt dei evige høgder.Lat dei koma ¬over Josefs hovud,over krona på hansom er hovding ¬mellom sine brør.
27. Benjamin er ein rovhuga ulv.Om morgonen et han ran,om kvelden skifter han ¬hærfang.
28. Dette var alle Israels-ættene, tolv i talet. Og dette sa far deira til dei då han velsigna dei. Kvar av dei fekk si eiga velsigning.
29. Så sa Jakob til sønene sine: «No fer eg til folket mitt. Gravlegg meg då hjå fedrane mine i hola på jordet åt hetitten Efron.
30. Det er den hola som er på Makpela-jordet, austanfor Mamre i Kanaan, det jordstykket som Abraham kjøpte av hetitten Efron til eigande gravstad.