Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 47:18-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Så leid det året, og året etter kom dei til han og sa: «Vi vil ikkje dølja for deg, herre, at det er slutt med pengane. Og buskapen vår har du òg fått. No har vi ikkje anna å by deg, herre, enn oss sjølve og jorda vår.

19. Kvifor skal vi gå til grunne for augo dine, både vi og jorda vår? Kjøp oss og jordvegen vår for brød, så skal vi med jorda vår vera trælar under farao! Lat oss berre få såkorn, så vi kan berga livet, og jorda ikkje skal øydast!»

20. Så kjøpte Josef all jord i Egypt til farao. Egyptarane selde jorda si, alle som ein; for hungersnauda kvilte tungt på dei. Og farao kom til å eiga landet.

21. Josef gjorde folket til trælar for farao, frå den eine enden av Egypt til den andre.

22. Berre prestejorda kjøpte han ikkje, for prestane hadde faste inntekter frå farao, og levde av det som han gav dei. Difor selde dei ikkje jorda si.

23. Josef sa til folket: «Sjå, no har eg kjøpt både dykk og jorda dykkar til farao. Her har de korn; så åkrane til!

24. Men av det de haustar, skal de la farao få ein femtepart. Og fire femtepartar skal de ha sjølve til såkorn og til mat for dykk og huslydane og borna dykkar.»

25. Då svara dei: «Du har berga livet vårt. Vil du berre visa godvilje mot oss, skal vi vera trælar under farao.»

26. Så gjorde Josef det til ei lov, som gjeld den dag i dag for jorda i Egypt, at farao skulle ha femteparten av avlinga. Berre prestejorda kom ikkje under farao.

27. Israelittane vart buande i Egypt, i Gosen. Dei fekk seg eigedom der og voks og auka sterkt i tal.

28. Jakob levde 17 år i Egypt, og levetida hans vart 147 år.

29. Då det leid til den tid at Israel skulle døy, kalla han til seg Josef, son sin, og sa til han: «Har du godvilje for meg, så legg handa di i fanget mitt, og lov meg at du vil vera så god og trufast mot meg at du ikkje gravlegg meg i Egypt!

30. Når eg går til kvile hjå fedrane mine, før meg då bort frå Egypt og legg meg i grava deira!» «Eg skal gjera som du seier,» svara Josef.

31. Då sa Jakob: «Gjer eid på det!» Så gjorde han eid på det. Og Israel bøygde seg over hovudgjerda og tilbad.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 47