Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 47:13-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Det fanst ikkje brød i heile landet; for uåret var svært hardt. Både Egypt og Kanaan var reint avmakta av hungersnauda.

14. Josef samla då alle pengane som fanst i Egypt og Kanaan; han fekk dei for kornet folk kjøpte. Og Josef tok pengane med til huset åt farao.

15. Men då dei ikkje hadde meir pengar i Egypt og Kanaan, kom alle egyptarane til Josef og sa: «Gjev oss brød! Skal vi døy for augo dine berre fordi vi ikkje har meir pengar?»

16. Josef svara: «Kom hit med buskapen dykkar, så skal eg gje dykk brød for feet, om de ikkje har meir pengar.»

17. Då kom dei til Josef med buskapen sin, og han gav dei brød for hestane, småfeet, storfeet og esla. Han heldt dei med brød det året, og for det fekk han heile buskapen deira.

18. Så leid det året, og året etter kom dei til han og sa: «Vi vil ikkje dølja for deg, herre, at det er slutt med pengane. Og buskapen vår har du òg fått. No har vi ikkje anna å by deg, herre, enn oss sjølve og jorda vår.

19. Kvifor skal vi gå til grunne for augo dine, både vi og jorda vår? Kjøp oss og jordvegen vår for brød, så skal vi med jorda vår vera trælar under farao! Lat oss berre få såkorn, så vi kan berga livet, og jorda ikkje skal øydast!»

20. Så kjøpte Josef all jord i Egypt til farao. Egyptarane selde jorda si, alle som ein; for hungersnauda kvilte tungt på dei. Og farao kom til å eiga landet.

21. Josef gjorde folket til trælar for farao, frå den eine enden av Egypt til den andre.

22. Berre prestejorda kjøpte han ikkje, for prestane hadde faste inntekter frå farao, og levde av det som han gav dei. Difor selde dei ikkje jorda si.

23. Josef sa til folket: «Sjå, no har eg kjøpt både dykk og jorda dykkar til farao. Her har de korn; så åkrane til!

24. Men av det de haustar, skal de la farao få ein femtepart. Og fire femtepartar skal de ha sjølve til såkorn og til mat for dykk og huslydane og borna dykkar.»

25. Då svara dei: «Du har berga livet vårt. Vil du berre visa godvilje mot oss, skal vi vera trælar under farao.»

26. Så gjorde Josef det til ei lov, som gjeld den dag i dag for jorda i Egypt, at farao skulle ha femteparten av avlinga. Berre prestejorda kom ikkje under farao.

27. Israelittane vart buande i Egypt, i Gosen. Dei fekk seg eigedom der og voks og auka sterkt i tal.

28. Jakob levde 17 år i Egypt, og levetida hans vart 147 år.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 47