Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 41:35-48 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

35. Dei skal samla alle matvarene i desse gode åra som kjem, og lagra matkorn i byane og ta vare på det for farao.

36. Kornet skal vera til livberging for landet i dei sju uåra som kjem over Egypt, så folket ikkje går til grunne av svolt.»

37. Farao og alle mennene hans tykte godt om desse orda.

38. Og farao sa til mennene sine: «Skal tru vi finn ein mann som har Guds Ande som han?»

39. Så sa farao til Josef: «Sidan Gud har late deg få vita alt dette, finst det ingen så vis og vitug som du.

40. Du skal styra huset mitt, og det du seier, skal heile folket retta seg etter. Berre kongsstolen vil eg ha framom deg.

41. Sjå, eg set deg over heile Egypt,» sa farao til Josef.

42. Og farao tok seglringen av handa si og sette han på handa åt Josef. Så kledde han Josef i fine linklede og hengde ei gull-lekkje kring halsen hans.

43. Og han lét Josef køyra i den nest beste vogna si, og dei ropa «Abrek» for han. Såleis sette farao han over heile Egypt.

44. Og han sa til Josef: «Eg er farao. Ingen skal røra hand eller fot i heile Egyptarlandet utan at du vil det.»

45. Farao kalla Josef Safenat-Paneah og gav han Asenat til kone. Ho var dotter til Potifera, presten i On. Så tok Josef til å ferdast kringom i Egypt.

46. Josef var tretti år gamal då han steig fram for farao, kongen i Egypt. Og då Josef gjekk bort frå farao, fór han gjennom heile Egypt.

47. Jorda bar så det bogna dei sju åra det var overflod.

48. Og han samla allslags grøde i dei sju gode åra i Egypt og lagra henne i byane. I kvar by lagra han grøda frå markene der ikring.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 41