Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 41:19-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Etter dei kom det opp sju andre kyr, som var tynne og magre og fælande stygge på skap. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt.

20. Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei sju fyrste, feite kyrne.

21. Men då dei hadde sett dei til livs, synte det ikkje på dei; dei var like stygge å sjå til som før. Då vakna eg.

22. Men eg sovna att, og drøymde at eg såg sju fulle og gode aks som voks på eitt og same strået.

23. Etter dei skaut det opp sju andre aks, turre og tynne og svidne av austavinden.

24. Dei tynne aksa slukte dei sju gode aksa. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne greia det ut for meg.»

25. Då sa Josef til farao: «Draumane åt farao har ei og same meining. Det Gud vil gjera, har han kunngjort for farao.

26. Dei sju gode kyrne, det er sju år, og dei sju gode aksa, det òg er sju år. Det er ein og same draumen.

27. Dei sju magre, stygge kyrne som kom opp etter hine, er sju år. Og det er dei sju tynne aksa òg, dei som var svidne av austavinden; det er sju uår som skal koma.

28. Det var det eg meinte då eg sa til farao: Det Gud vil gjera, har han synt farao.

29. No kjem det sju gode år i heile Egypt.

30. Men etter dei skal det koma sju uår, så all overfloda vert gløymd i Egypt, og uåra skal arma ut landet.

31. Ingen skal minnast overfloda i landet for den nauda som fylgjer; for ho vert ovhard.

32. Men når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud er fast rådd på dette, og at han vil gjera det snart.

33. No skulle farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt.

34. Og så skulle han setja inn tilsynsmenn utover landet til å krevja inn femteparten av grøda i Egypt i dei sju åra det er overflod.

35. Dei skal samla alle matvarene i desse gode åra som kjem, og lagra matkorn i byane og ta vare på det for farao.

36. Kornet skal vera til livberging for landet i dei sju uåra som kjem over Egypt, så folket ikkje går til grunne av svolt.»

37. Farao og alle mennene hans tykte godt om desse orda.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 41