Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 41:13-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Og så som han tydde dei for oss, så gjekk det. Eg fekk att stillinga mi, og bakaren vart hengd.»

14. Då sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og sleppte han ut or fengslet. Han raka seg og bytte klede, og så steig han fram for farao.

15. Då sa farao til Josef: «Eg har hatt ein draum, og det er ingen som kan tyda han. Men no har eg høyrt om deg at berre du høyrer ein draum, tyder du han med det same.»

16. Josef svara: «Eg rår ikkje for det. Gud vil nok gje eit svar som spår lukke for farao.»

17. Så sa farao til Josef: «Eg drøymde at eg stod nedmed Nilen.

18. Då kom det opp or elva sju kyr, feite og fine å sjå til; og dei gav seg til å beita i elvegraset.

19. Etter dei kom det opp sju andre kyr, som var tynne og magre og fælande stygge på skap. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt.

20. Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei sju fyrste, feite kyrne.

21. Men då dei hadde sett dei til livs, synte det ikkje på dei; dei var like stygge å sjå til som før. Då vakna eg.

22. Men eg sovna att, og drøymde at eg såg sju fulle og gode aks som voks på eitt og same strået.

23. Etter dei skaut det opp sju andre aks, turre og tynne og svidne av austavinden.

24. Dei tynne aksa slukte dei sju gode aksa. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne greia det ut for meg.»

25. Då sa Josef til farao: «Draumane åt farao har ei og same meining. Det Gud vil gjera, har han kunngjort for farao.

26. Dei sju gode kyrne, det er sju år, og dei sju gode aksa, det òg er sju år. Det er ein og same draumen.

27. Dei sju magre, stygge kyrne som kom opp etter hine, er sju år. Og det er dei sju tynne aksa òg, dei som var svidne av austavinden; det er sju uår som skal koma.

28. Det var det eg meinte då eg sa til farao: Det Gud vil gjera, har han synt farao.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 41