Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 41:11-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Ei natt drøymde vi, eg og han, og draumane våre hadde kvar si meining.

12. Der var vi saman med ein hebreargut, som tente hjå hovdingen over livvakta. Han fortalde vi draumane våre, og han tydde dei for oss; etter som kvar av oss hadde drøymt, tydde han dei.

13. Og så som han tydde dei for oss, så gjekk det. Eg fekk att stillinga mi, og bakaren vart hengd.»

14. Då sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og sleppte han ut or fengslet. Han raka seg og bytte klede, og så steig han fram for farao.

15. Då sa farao til Josef: «Eg har hatt ein draum, og det er ingen som kan tyda han. Men no har eg høyrt om deg at berre du høyrer ein draum, tyder du han med det same.»

16. Josef svara: «Eg rår ikkje for det. Gud vil nok gje eit svar som spår lukke for farao.»

17. Så sa farao til Josef: «Eg drøymde at eg stod nedmed Nilen.

18. Då kom det opp or elva sju kyr, feite og fine å sjå til; og dei gav seg til å beita i elvegraset.

19. Etter dei kom det opp sju andre kyr, som var tynne og magre og fælande stygge på skap. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt.

20. Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei sju fyrste, feite kyrne.

21. Men då dei hadde sett dei til livs, synte det ikkje på dei; dei var like stygge å sjå til som før. Då vakna eg.

22. Men eg sovna att, og drøymde at eg såg sju fulle og gode aks som voks på eitt og same strået.

23. Etter dei skaut det opp sju andre aks, turre og tynne og svidne av austavinden.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 41