Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 37:22-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Og Ruben heldt fram: «Lat det ikkje renna blod! Kasta han ned i denne brunnen her i øydemarka, men legg ikkje hand på han!» Dette sa han fordi han ville berga han ut or hendene deira og få han heim att til far hans.

23. Då no Josef kom bort til brørne sine, reiv dei av han kjortelen – kjortelen med dei lange ermane – som han gjekk i.

24. Og dei tok og kasta han ned i brunnen. Men brunnen var tom; det fanst ikkje vatn i han.

25. Så sette dei seg ned og ville eta. Men då dei såg opp, fekk dei auga på ein karavane med ismaelittar, som kom frå Gilead. Dei førte gummi, balsam og harpiks med seg på kamelane sine og var på veg til Egypt.

26. Då sa Juda til brørne sine: «Kva gagn er det i at vi slår bror vår i hel og døl drapet?

27. Kom, lat oss selja han til ismaelittane og ikkje leggja hand på han! Han er då bror vår, av same kjøt og blod som vi.» Og brørne hans lydde han.

28. Nokre kjøpmenn frå Midjan kom framom, og dei drog Josef opp or brunnen. Så selde dei han til ismaelittane for tjue sekel sølv; og dei tok han med seg til Egypt.

29. Då Ruben kom attende til brunnen og fekk sjå at Josef ikkje var der, reiv han sund kleda sine.

30. Han gjekk attende til brørne og sa: «Guten er der ikkje! Kvar skal eg no gjera av meg?»

31. Så slakta dei ein bukk, tok kjortelen åt Josef og duppa han i blodet.

32. Og dei sende kjortelen med dei lange ermane heim til far sin og sa: «Denne har vi funne. Sjå etter om det ikkje er kjortelen åt son din!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 37