Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 37:15-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Medan han no vanka ikring på marka, møtte han ein mann. «Kva leitar du etter?» spurde mannen.

16. «Eg leitar etter brørne mine,» svara han. «Kjære, sei meg kvar dei gjæter!»

17. Mannen sa: «Dei er farne herifrå; eg høyrde dei sa: No vil vi til Dotan!» Så gjekk Josef etter brørne sine og fann dei i Dotan.

18. Dei såg han langt borte; og før han kom fram til dei, sette dei seg føre å drepa han.

19. Dei sa seg imellom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren!

20. No tek vi og slår han i hel! Så kastar vi han ned i ein av brunnane her og seier at eit udyr har ete han opp. Då skal vi sjå kva det vert av draumane hans.»

21. Men då Ruben høyrde det, ville han berga Josef ut or hendene deira og sa: «Vi må ikkje ta livet av han!»

22. Og Ruben heldt fram: «Lat det ikkje renna blod! Kasta han ned i denne brunnen her i øydemarka, men legg ikkje hand på han!» Dette sa han fordi han ville berga han ut or hendene deira og få han heim att til far hans.

23. Då no Josef kom bort til brørne sine, reiv dei av han kjortelen – kjortelen med dei lange ermane – som han gjekk i.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 37