Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 36:4-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Med Ada fekk Esau sonen Elifas og med Basmat Re’uel;

5. og med Oholibama fekk han Je’usj, Jalam og Korah. Dette var dei sønene som Esau fekk i Kanaan.

6. Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alt godset han hadde samla seg i Kanaan, og flytte til Se’ir-landet, bort frå Jakob, bror sin.

7. For dei hadde så mykje fe at dei ikkje kunne bu saman. Det landet dei hadde halde til i, kunne ikkje røma dei, så stor var buskapen deira.

8. Esau slo seg då ned i Se’ir-fjella; Esau, det er den same som Edom.

9. Dette er ætta åt Esau, som var ættefar til edomittane i fjell-landet Se’ir.

10. Her er namna på Esau-sønene: Elifas, son til Ada, kona hans Esau, og Re’uel, son til Basmat, kona hans Esau.

11. Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefo, Gatam og Kenas.

12. Elifas, son til Esau, hadde ei fylgjekone som heitte Timna. Med henne fekk han sonen Amalek. Det var etterkomarane etter Ada, kona hans Esau.

13. Og dette er sønene til Re’uel: Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Det var etterkomarane etter Basmat, kona hans Esau.

14. Og dette er dei sønene Esau fekk med kona si Oholibama, dotter hans Ana, son til hevitten Sibon: Je’usj, Jalam og Korah.

15. Dette er hovdingane i Esau-ætta: Sønene til Elifas, eldste son hans Esau, var hovdingane Teman, Omar, Sefo, Kenas,

16. Korah, Gatam og Amalek. Det er dei hovdingane som er ætta frå Elifas i Edom. Dei er etterkomarar etter Ada.

17. Og dette er sønene til Re’uel, son hans Esau: hovdingane Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Det er dei hovdingane som er ætta frå Re’uel i Edom. Dei er etterkomarar etter Basmat, kona hans Esau.

18. Og dette er sønene til Oholibama, kona hans Esau: hovdingane Je’usj, Jalam og Korah. Det er dei hovdingane som er ætta frå Oholibama Anasdotter, kona hans Esau.

19. Dette var sønene til Esau – det er Edom – og dei hovdingane som er ætta frå dei.

20. Dette er sønene til horitten Se’ir, som budde i landet før: Lotan, Sjobal, Sibon, Ana,

21. Disjon, Eser og Disjan. Det er hovdingane åt horittane, Se’ir-sønene i Edom.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 36