Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 26:9-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Abimelek kalla Isak til seg og sa: «Ho er då kona di! Kvifor sa du at ho er syster di?» Isak svara: «Eg tenkte eg kunne missa livet for hennar skuld.»

10. Då sa Abimelek: «Kva har du gjort imot oss? Kor lett kunne det ikkje ha hendt at einkvan av folket hadde lege med kona di, og då hadde du ført skuld over oss!»

11. Så gav Abimelek heile folket dette påbodet: «Den som rører denne mannen eller kona hans, skal døy.»

12. Isak sådde korn der i landet og fekk hundre foll det året. Herren velsigna han,

13. så han vart ein velhalden mann. Eigedomen hans auka meir og meir, til han vart svært rik.

14. Han åtte småfe og storfe og trælar i slik mengd at filistarane vart avundsjuke på han.

15. Alle brunnane som trælane åt far hans hadde grave medan Abraham levde, kasta filistarane att og fylte dei med jord.

16. Då sa Abimelek til Isak: «Far bort frå oss; du er vorten for mektig for oss!»

17. Så flytte Isak derifrå og slo leir i Gerar-dalen. Og der vart han buande.

18. Isak grov opp att dei brunnane som dei hadde grave medan Abraham, far hans, levde, og som filistarane hadde kasta att då Abraham var død. Han gav dei same namna som far hans hadde gjeve dei.

19. Då trælane åt Isak heldt på å grava i dalen, fann dei ei vassåre.

20. Men gjætarane frå Gerar tretta med gjætarane åt Isak og sa: «Det er vårt vatn!» Så kalla han brunnen Esek, fordi dei tretta med han.

21. Sidan grov dei ein annan brunn. Men då det vart strid om den òg, kalla Isak han Sitna.

22. Han flytte bort derifrå og grov endå ein brunn. Den vart det ingen strid om. Difor kalla Isak han Rehobot og sa: «No har Herren gjort det romsleg for oss, så vi kan verta mange i landet.»

23. Frå Rehobot fór Isak til Be’er-Sjeba.

24. Same natta synte Herren seg for han og sa:«Eg er Gud åt Abraham, ¬far din.Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg!Eg vil velsigna degog gjera ætta di storfor Abraham, min tenar, ¬skuld.»

25. Så bygde Isak eit altar der og kalla på Herrens namn. Han sette opp teltet sitt, og trælane hans grov ein brunn.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 26