Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 26:24-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Same natta synte Herren seg for han og sa:«Eg er Gud åt Abraham, ¬far din.Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg!Eg vil velsigna degog gjera ætta di storfor Abraham, min tenar, ¬skuld.»

25. Så bygde Isak eit altar der og kalla på Herrens namn. Han sette opp teltet sitt, og trælane hans grov ein brunn.

26. Abimelek kom til han frå Gerar saman med Akussat, venen sin, og Pikol, hærføraren sin.

27. Då sa Isak til dei: «Kvifor kjem de til meg, de som hatar meg og har drive meg bort frå dykk?»

28. Dei svara: «Vi har klårt sett at Herren er med deg. Og no seier vi: Lat oss sverja kvarandre ein eid! Vi vil gjera ei pakt med deg:

29. Du skal ikkje gjera oss noko vondt, liksom heller ikkje vi har rørt deg. Vi gjorde berre vel imot deg og lét deg fara i fred. Du er då velsigna av Herren.»

30. Så stelte han til eit gjestebod for dei, og dei åt og drakk.

31. Morgonen etter stod dei tidleg opp og svor kvarandre ein eid. Så bad Isak farvel med dei, og dei fór bort i fred.

32. Same dagen kom trælane åt Isak og fortalde han om den brunnen dei hadde grave. «Vi har funne vatn!» sa dei.

33. Han kalla brunnen Sjiba. Difor heiter byen Be’er-Sjeba den dag i dag.

34. Då Esau var førti år gamal, gifte han seg med Judit, dotter til hetitten Be’eri, og med Basmat, dotter til hetitten Elon.

35. Dei vart ei hjartesorg for Isak og Rebekka.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 26