Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 18:20-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Og Herren sa: «Sanneleg, det lyder høge klagerop over Sodoma og Gomorra; syndene deira er ovstore.

21. No vil eg ned og sjå om dei har bore seg så ille åt som det lydest av den klaga over dei som har nått opp til meg; og har dei ikkje det, vil eg vita det.»

22. Så snudde mennene seg og gjekk til Sodoma. Men Herren vart ståande framfor Abraham.

23. Og Abraham gjekk nærare og sa: «Vil du verkeleg riva bort dei rettferdige saman med dei gudlause?

24. Om det no er femti rettferdige i byen? Vil du då riva dei bort og ikkje spara staden for deira skuld?

25. Det er ikkje di vis å fara så åt, å tyna den rettferdige saman med den gudlause, så det går den rettferdige like eins som den gudlause. Nei, det er ikkje di vis! Han som dømer all jorda, skulle ikkje han gjera det som rett er?»

26. Då sa Herren: «Finn eg femti rettferdige i Sodoma, skal eg spara heile byen for deira skuld.»

27. Abraham tok til ords att og sa: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren, endå eg er mold og oske.

28. Om det no vantar fem på dei femti rettferdige? Vil du då leggja heile byen i øyde for dei fem skuld?» Han svara: «Nei, finn eg førtifem, skal eg ikkje øydeleggja han.»

29. Abraham heldt fram med å tala til han. «Om det no finst førti?» sa han. Han svara: «For dei førti skuld skal eg ikkje gjera det.»

30. Då sa Abraham: «Herren må ikkje verta harm om eg talar! Om det no finst tretti der?» Han svara: «Eg skal ikkje gjera det så sant eg finn tretti.»

31. Abraham sa: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren. Om det no finst tjue der?» Han svara: «For dei tjue skuld skal eg ikkje øydeleggja byen.»

32. Då sa Abraham: «Herren må ikkje verta harm om eg talar ein einaste gong til! Om det berre finst ti?» Han svara: «For dei ti skuld skal eg ikkje øydeleggja han.»

33. Då Herren hadde tala ut med Abraham, gjekk han bort. Og Abraham gjekk heim att til seg.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 18