Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 18:1-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sidan synte Herren seg for Abraham i eikelunden i Mamre, ein gong han sat i teltdøra midt på heitaste dagen.

2. Då han såg opp, fekk han auga på tre menn som stod framfor han. Med det same han vart var dei, sprang han imot dei frå teltdøra, bøygde seg til jorda

3. og sa: «Herre, dersom du har god vilje for meg, så gjer vel og sjå innom til tenaren din!

4. Lat oss få henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet!

5. Så skal eg finna ein bete mat, som de kan styrkja dykk med før de fer lenger – sidan de no har lagt vegen om tenaren dykkar.» Dei svara: «Ja, gjer som du seier!»

6. Då skunda Abraham seg inn i teltet til Sara og sa: «Nøyt deg og ta tre mål kveitemjøl; kna det og bak kaker!»

7. Sjølv sprang han bort til buskapen og henta ein fin og god kalv; den gav han til tenestguten, som skunda seg og laga han til.

8. Så tok han rjome og mjølk og den kalven som guten hadde laga til, og sette det fram for mennene. Og han stod hjå dei under treet medan dei åt.

9. Då sa dei til Abraham: «Kvar er Sara, kona di?» Han svara: «Ho er inne i teltet.»

10. Ein av dei sa: «Til års på denne tid kjem eg til deg att, og då skal Sara, kona di, ha ein son.» Sara høyrde det i teltdøra, som var attanfor han.

11. No var Abraham og Sara gamle og ut i åra komne; Sara hadde det ikkje lenger så som kvinner plar ha det.

12. Difor lo ho med seg sjølv og tenkte: «Skulle eg få hug, endå så gamal som eg er, og mannen min er òg til års!»

13. Då sa Herren til Abraham: «Kvifor ler Sara og tenkjer: Kan det vera råd at eg skal få barn, så gamal som eg er?

14. Er det noko som er umogeleg for Herren? Til års på denne tid kjem eg att, og då skal Sara ha ein son.»

15. Sara nekta og sa: «Eg lo ikkje.» For ho var redd. Men han svara: «Jau, du lo.»

16. Så gjorde mennene seg ferdige og gjekk; og dei tok leia bortetter mot Sodoma. Abraham var med; han ville fylgja dei på vegen.

17. Då tenkte Herren: «Skulle eg dølja for Abraham det eg vil gjera?

18. Abraham skal då verta til eit stort og sterkt folk, og i han skal alle folk på jorda velsignast.

19. Til det har eg valt han ut at han skal by sønene og etterkomarane sine å halda seg til Herrens veg og gjera rett og skil, så Herren kan la Abraham få det han har lova han.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 18