Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 12:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg!

2. Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning!

3. Eg vil velsigna dei ¬som velsignar deg,og forbanna den ¬som forbannar deg.I deg skal alle ætter på jorda ¬velsignast.»

4. Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt, og Lot var med han. Abram var 75 år gamal då han flytte frå Karan.

5. Han tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde samla, og det tenestfolket dei hadde fått seg i Karan. Dei tok ut og ville fara til Kanaan.Då dei kom til Kanaan,

6. fór Abram fram gjennom landet heilt til helgstaden Sikem, til More-eika. Kanaanearane budde den gongen i landet.

7. Då synte Herren seg for Abram og sa: «Di ætt vil eg gje dette landet.» Og der bygde Abram eit altar for Herren, som hadde synt seg for han.

8. Derifrå flytte han opp i fjellet austanfor Betel og sette opp teltet sitt, så han hadde Betel i vest og Ai i aust. Der bygde han eit altar for Herren og kalla på Herrens namn.

9. Sidan drog Abram vidare frå stad til stad, til Negev.

10. Så vart det uår i landet. Då fór Abram ned til Egypt og ville halda til der; for nauda var stor i landet.

11. Då det leid så langt at han mest var komen til Egypt, sa han til Sarai, kona si: «Høyr no her! Eg veit at du er ei fager kvinne.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 12