Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 11:6-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Og Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og alle har dei same tungemålet. Dette er det fyrste dei tek seg føre. No vert ikkje noko umogeleg for dei, kva dei så finn på å gjera.

7. Lat oss stiga ned og vildra tungemålet deira, så den eine ikkje skjønar kva den andre seier!»

8. Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen.

9. Difor kalla dei han Babel. For der vildra Herren tungemålet for heile verda, og derifrå spreidde han dei ut over all jorda.

10. Dette er etterkomarane etter Sem. Då Sem var 100 år, fekk han sonen Arpaksjad, to år etter storflaumen.

11. Og etter at han hadde fått Arpaksjad, levde han endå 500 år og fekk søner og døtrer.

12. Då Arpaksjad var 35 år, fekk han sonen Sjelah.

13. Og etter at han hadde fått Sjelah, levde han endå 403 år og fekk søner og døtrer.

14. Då Sjelah var 30 år, fekk han sonen Eber.

15. Og etter at han hadde fått Eber, levde han endå 403 år og fekk søner og døtrer.

16. Då Eber var 34 år, fekk han sonen Peleg.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 11