Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 16:29-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Gjev Herren den ære ¬hans namn skal ha,stig fram for han ¬med offergåver!Bøy dykk for Herrenog tilbed han i heilagt skrud!

30. Skjelv for hans åsyn, ¬all jorda!Fast står verda, ¬ho kan ikkje rikkast.

31. Himmelen skal gleda seg,jorda skal jubla;dei skal fortelja mellom folka:Herren er konge.

32. Havet og alt som i det er, ¬skal brusa.Marka og alt det ho ber, ¬skal jubla,

33. kvart tre i skogen ¬skal ropa av fryd.Dei skal ropa for Herren,som kjem ¬og vil døma jorda.

34. Pris Herren, for han er god,hans miskunn varer til evig tid!

35. Frels oss, vår frelsande Gud, ¬skal dei seia.Samla oss og berga oss ¬frå folkeslaga,så vi kan prisa ¬ditt heilage namnog setja vår ære ¬i å lovsyngja deg.

36. Lova vere Herren, Israels Gud,frå æve til æve!Og alt folket sa «amen» og prisa Herren.

37. Så lét David Asaf og brørne hans vera der framfor Herrens paktkiste – dei skulle støtt gjera teneste framfor kista, som det var fastsett for kvar dag –

38. og like eins Obed-Edom og brørne hans, sekstiåtte i talet. Obed-Edom, son til Jedutun, og Hosa skulle vera dørvaktarar.

39. Men presten Sadok og brørne hans, prestane, lét han vera framfor Herrens bustad på haugen i Gibeon.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 16