Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 16:25-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Ja, stor og høglova er Herren,meir ageleg enn alle gudar.

26. Alle gudane åt folka ¬er ingenting verde.Det var Herren ¬som skapte himmelen.

27. Høgd og herlegdom ¬er framføre han,makt og glede ¬på hans heilage stad.

28. Gjev Herren ære og makt,gjev han ære og makt, ¬de folkeætter!

29. Gjev Herren den ære ¬hans namn skal ha,stig fram for han ¬med offergåver!Bøy dykk for Herrenog tilbed han i heilagt skrud!

30. Skjelv for hans åsyn, ¬all jorda!Fast står verda, ¬ho kan ikkje rikkast.

31. Himmelen skal gleda seg,jorda skal jubla;dei skal fortelja mellom folka:Herren er konge.

32. Havet og alt som i det er, ¬skal brusa.Marka og alt det ho ber, ¬skal jubla,

33. kvart tre i skogen ¬skal ropa av fryd.Dei skal ropa for Herren,som kjem ¬og vil døma jorda.

34. Pris Herren, for han er god,hans miskunn varer til evig tid!

35. Frels oss, vår frelsande Gud, ¬skal dei seia.Samla oss og berga oss ¬frå folkeslaga,så vi kan prisa ¬ditt heilage namnog setja vår ære ¬i å lovsyngja deg.

36. Lova vere Herren, Israels Gud,frå æve til æve!Og alt folket sa «amen» og prisa Herren.

37. Så lét David Asaf og brørne hans vera der framfor Herrens paktkiste – dei skulle støtt gjera teneste framfor kista, som det var fastsett for kvar dag –

38. og like eins Obed-Edom og brørne hans, sekstiåtte i talet. Obed-Edom, son til Jedutun, og Hosa skulle vera dørvaktarar.

39. Men presten Sadok og brørne hans, prestane, lét han vera framfor Herrens bustad på haugen i Gibeon.

40. Dei skulle støtt bera fram brennoffer for Herren på brennofferaltaret, både morgon og kveld, og gjera alt det som står skrive i den lova som Herren hadde gjeve Israel.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 16