Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 7:34-49 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. Dei fire berearmane var feste til dei fire hjørna på kvart fotstykke. Berearmane var støypte i eitt med fotstykket.

35. Øvst på kvart fotstykke gjekk det ei runding som var ei halv alen høg. Handtaka og berearmane sat øvst på fotstykket og var støypte i eitt med det.

36. På flatsida av handtaka og på berearmane skar han ut kjerubar, løver og palmer etter som det var rom til, og kransar rundt ikring.

37. Såleis laga han dei ti fotstykka for offerkjelar. Dei var alle støypte på same vis og hadde same mål og form.

38. Så laga han ti kjelar av bronse. Kvar kjel tok førti bat og var fire alner i tverrmål. Det var ein kjel for kvart av dei ti fotstykka.

39. Fem av fotstykka sette han på sørsida av templet og fem på nordsida. Havet sette han på sørsida, ved det søraustre hjørnet.

40. Hiram laga oskefata, eldskuflene og offerskålene. Dermed hadde han fullført alt det arbeidet han skulle gjera for kong Salomo til Herrens hus:

41. to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to flettverksarbeid til å dekkja dei to skålene;

42. dei fire hundre granatepla til dei to flettverka, to rader med granateple til kvart flettverk, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene;

43. dei ti fotstykka med dei ti kjelane på;

44. havet – det var berre eitt – med dei tolv oksane under;

45. oskefata, eldskuflene og offerskålene. Alt dette som Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av skinande bronse.

46. Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den faste leirjorda mellom Sukkot og Saretan.

47. Salomo lét vera å vega alle desse tinga, fordi mengda var så stor. Ingen kunne seia kor mykje bronsen vog.

48. Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet som skodebrøda skulle liggja på;

49. ljosestakane framfor det inste romet, fem på sørsida og fem på nordsida, av fint gull, med blomar; ljosesaksene og tengene av gull;

Les hele kapitlet 1. Kongebok 7