Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 7:23-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Sidan laga han det støypte havet. Det var heilt rundt og mælte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og det trongst ei snor på tretti alner om ho skulle nå rundt det.

24. Nedanfor kanten var det graskar rundt ikring, ti på kvar alen. Det var to rader med graskar, og dei var støypte i eitt med havet.

25. Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei.

26. Sjølve karet var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit staup, forma som ein lotusblom. Det tok to tusen bat.

27. Så laga han ti fotstykke for offerkjelar. Dei var av bronse, og alle var fire alner lange, fire alner breie og tre alner høge.

28. Fotstykka var laga såleis: Dei hadde tverrlister, og tverrlistene låg mellom rammelistene.

29. På tverrlistene mellom rammelistene var det løver, oksar og kjerubar, og det var det på rammelistene òg. Over og under løvene og oksane var det kransar av hamra arbeid.

30. Kvart fotstykke hadde fire hjul av bronse og åsar av bronse. På dei fire føtene var det berearmar, som var støypte på under kjelen. Bak kvar av dei var det kransar.

31. Opninga for kjelen var innanfor kransen og nådde ei alen opp over han. Ho var rund og hadde eit underlag på halvanna alen. På opninga var det utskjeringar. Men tverrlistene var firkanta, ikkje runde.

32. Dei fire hjula var under tverrlistene, og hjulåsane sat på fotstykket. Kvart hjul var halvanna alen høgt.

33. Hjula var laga som vognhjul; åsane, hjulringane, eikene og nava – alt saman var støypt.

34. Dei fire berearmane var feste til dei fire hjørna på kvart fotstykke. Berearmane var støypte i eitt med fotstykket.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 7