Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 7:19-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Søylehovuda øvst på søylene i forhalla var på skap som lotusblomar og mælte fire alner.

20. På begge søylehovuda, rett ovanfor utbuktninga på den andre sida av flettverket, var det granateple. Dei var to hundre i talet og hang i rader rundt ikring søylehovuda.

21. Han reiste søylene attmed forhalla til templet. Den søyla som han sette på høgre sida, kalla han Jakin, og den han sette på venstre sida, kalla han Boas.

22. Øvst på søylene var det støypt lotusblomar. Så var arbeidet med søylene fullført.

23. Sidan laga han det støypte havet. Det var heilt rundt og mælte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og det trongst ei snor på tretti alner om ho skulle nå rundt det.

24. Nedanfor kanten var det graskar rundt ikring, ti på kvar alen. Det var to rader med graskar, og dei var støypte i eitt med havet.

25. Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei.

26. Sjølve karet var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit staup, forma som ein lotusblom. Det tok to tusen bat.

27. Så laga han ti fotstykke for offerkjelar. Dei var av bronse, og alle var fire alner lange, fire alner breie og tre alner høge.

28. Fotstykka var laga såleis: Dei hadde tverrlister, og tverrlistene låg mellom rammelistene.

29. På tverrlistene mellom rammelistene var det løver, oksar og kjerubar, og det var det på rammelistene òg. Over og under løvene og oksane var det kransar av hamra arbeid.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 7