Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 7:12-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Rundt den store borggarden var det tre lag med hoggen stein og eitt lag med sederbjelkar. Såleis var det òg rundt den indre føregarden til Herrens hus og rundt forhalla til slottet.

13. Kong Salomo sende bod etter Hiram frå Tyrus.

14. Han var son til ei enkje av Naftali-ætta, og far hans var ein koparsmed frå Tyrus. Hiram var ein dugande mann og hadde godt skjøn og stor kunnskap, så han kunne gjera allslags arbeid i bronse. Han kom til Salomo og gjorde alt det arbeidet kongen ville ha gjort.

15. Hiram støypte dei to bronsesøylene. Den eine søyla var atten alner høg, og det trongst ei snor på tolv alner om ho skulle nå rundt henne. Den andre søyla var like stor.

16. Så laga han to søylehovud til å setja på toppen av søylene. Dei var støypte av bronse, og kvart av dei var fem alner høgt.

17. På søylehovuda øvst på søylene var det flettverksarbeid. Og på kvart søylehovud hang det sju snorer som likna kjeder.

18. Han laga to rader med granateple kring det eine av flettverka som skulle dekkja søylehovuda øvst på søylene. Såleis gjorde han med det andre søylehovudet òg.

19. Søylehovuda øvst på søylene i forhalla var på skap som lotusblomar og mælte fire alner.

20. På begge søylehovuda, rett ovanfor utbuktninga på den andre sida av flettverket, var det granateple. Dei var to hundre i talet og hang i rader rundt ikring søylehovuda.

21. Han reiste søylene attmed forhalla til templet. Den søyla som han sette på høgre sida, kalla han Jakin, og den han sette på venstre sida, kalla han Boas.

22. Øvst på søylene var det støypt lotusblomar. Så var arbeidet med søylene fullført.

23. Sidan laga han det støypte havet. Det var heilt rundt og mælte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og det trongst ei snor på tretti alner om ho skulle nå rundt det.

24. Nedanfor kanten var det graskar rundt ikring, ti på kvar alen. Det var to rader med graskar, og dei var støypte i eitt med havet.

25. Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 7