Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 6:2-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Huset som kong Salomo bygde for Herren, var seksti alner langt, tjue alner breitt og tretti alner høgt.

3. Forhalla framfor tempelromet var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og ti alner brei, mælt ut frå huset.

4. På huset laga han vindaugo med skrånande karmar og gitter.

5. Rundt den ytre husmuren, både langs tempelhalla og det inste romet, reiste han eit tilbygg, og der laga han siderom.

6. Den nedste høgda var fem alner brei, den mellomste seks og den øvste sju. For han hadde laga avsatsar rundt ikring på utsida av huset, så han slapp å føra bjelkane inn i sjølve tempelveggen.

7. Då huset vart reist, bygde dei det av stein som var tilhoggen i steinbrotet. Det høyrdest korkje hamar eller meisel eller nokon annan jernreiskap i huset då det vart bygt.

8. Døra inn til nedste høgda i tilbygget var på sørsida av huset. Ei tropp førte opp i mellomste høgda og derifrå opp i tredje høgda.

9. Då Salomo hadde reist tempelbygget, tekte han det med bjelkar og bord av sedertre.

10. I tilbygget som han reiste kring heile huset, var kvar høgd fem alner. Det var fest til huset med sederbjelkar.

11. Då kom Herrens ord til Salomo, og det lydde så:

12. «No byggjer du dette huset. Dersom du då ferdast etter føresegnene mine, held lovene mine, aktar på alle boda mine og fylgjer dei, så vil eg gjera mot deg etter det ordet eg gav David, far din.

13. Eg vil bu midt imellom israelittane og ikkje skiljast frå Israel, folket mitt.»

14. Så bygde Salomo huset og gjorde det ferdig.

15. Han kledde veggene i huset innvendes med sederbord. Frå golvet til takbjelkane kledde han dei med tre, og golvet la han med sypressbord.

16. Tjue alner fram frå baksida på huset reiste han ein vegg av sederbord, som rakk frå golvet opp til takbjelkane. Bak veggen bygde han det inste romet. Det var Det høgheilage.

17. Tempelhalla framfor det inste romet var førti alner lang.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 6