Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 6:12-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. «No byggjer du dette huset. Dersom du då ferdast etter føresegnene mine, held lovene mine, aktar på alle boda mine og fylgjer dei, så vil eg gjera mot deg etter det ordet eg gav David, far din.

13. Eg vil bu midt imellom israelittane og ikkje skiljast frå Israel, folket mitt.»

14. Så bygde Salomo huset og gjorde det ferdig.

15. Han kledde veggene i huset innvendes med sederbord. Frå golvet til takbjelkane kledde han dei med tre, og golvet la han med sypressbord.

16. Tjue alner fram frå baksida på huset reiste han ein vegg av sederbord, som rakk frå golvet opp til takbjelkane. Bak veggen bygde han det inste romet. Det var Det høgheilage.

17. Tempelhalla framfor det inste romet var førti alner lang.

18. Innvendes var huset prydt med utskurd i sedertre, av graskar og utsprotne blomar. Alt var lagt med sedertre; steinen synte ikkje nokon stad.

19. Inst i templet bygde han Det høgheilage; der skulle Herrens paktkiste stå.

20. Dette romet, som var tjue alner langt, tjue alner breitt og tjue alner høgt, kledde han med fint gull. Framfor Det høgheilage sette Salomo eit altar; det kledde han med sedertre.

21. Salomo kledde huset innvendes med fint gull. Han hengde gullkjeder bortover veggen framfor det inste romet og kledde han med gull.

22. Heile huset kledde han med gull, frå ende til annan. Og heile altaret som stod framfor det inste romet, kledde han med gull.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 6