Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 6:11-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Då kom Herrens ord til Salomo, og det lydde så:

12. «No byggjer du dette huset. Dersom du då ferdast etter føresegnene mine, held lovene mine, aktar på alle boda mine og fylgjer dei, så vil eg gjera mot deg etter det ordet eg gav David, far din.

13. Eg vil bu midt imellom israelittane og ikkje skiljast frå Israel, folket mitt.»

14. Så bygde Salomo huset og gjorde det ferdig.

15. Han kledde veggene i huset innvendes med sederbord. Frå golvet til takbjelkane kledde han dei med tre, og golvet la han med sypressbord.

16. Tjue alner fram frå baksida på huset reiste han ein vegg av sederbord, som rakk frå golvet opp til takbjelkane. Bak veggen bygde han det inste romet. Det var Det høgheilage.

17. Tempelhalla framfor det inste romet var førti alner lang.

18. Innvendes var huset prydt med utskurd i sedertre, av graskar og utsprotne blomar. Alt var lagt med sedertre; steinen synte ikkje nokon stad.

19. Inst i templet bygde han Det høgheilage; der skulle Herrens paktkiste stå.

20. Dette romet, som var tjue alner langt, tjue alner breitt og tjue alner høgt, kledde han med fint gull. Framfor Det høgheilage sette Salomo eit altar; det kledde han med sedertre.

21. Salomo kledde huset innvendes med fint gull. Han hengde gullkjeder bortover veggen framfor det inste romet og kledde han med gull.

22. Heile huset kledde han med gull, frå ende til annan. Og heile altaret som stod framfor det inste romet, kledde han med gull.

23. I det inste romet laga han to kjerubar av oliventre; dei var ti alner høge.

24. Den eine kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang, og hin vengen var òg fem alner. Det var ti alner frå vengespiss til vengespiss.

25. Den andre kjeruben var òg ti alner mellom vengespissane. Begge kjerubane var like store og like å sjå til.

26. Den eine kjeruben var ti alner høg, og det var den andre òg.

27. Desse kjerubane sette han i det inste romet i huset. Og dei breidde ut vengene sine, så vengen på den eine rakk bort til den eine veggen, og vengen på den andre rakk bort til den andre veggen, og dei to andre vengene nådde i hop midt i templet.

28. Han kledde kjerubane med gull.

29. Alle veggene i huset prydde han med utskorne bilete av kjerubar, palmer og utsprotne blomar, både i det indre og det ytre romet.

30. Golvet i huset la han med gull, både i det indre og det ytre romet.

31. Ved inngangen til det inste romet sette han ei vengedør av oliventre. Dørkarmane skråna innover i fem avsatsar.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 6