Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 22:8-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han; for han spår meg aldri noko godt, berre vondt. Det er Mika Jimlason.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»

9. Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skunda deg og henta Mika Jimlason!»

10. Imedan sat Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjevoll utmed byporten i Samaria, og alle profetane stod framføre dei og sa fram spådomane sine.

11. Då laga Sidkia, son til Kena’ana, seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.»

12. Og alle dei andre profetane spådde like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

13. Sendebodet som hadde gått av stad og skulle henta Mika, sa til han: «Dei andre profetane spår alle som ein at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du òg!»

14. Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det Herren seier til meg, det må eg tala.»

15. Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far du, så skal du ha lukka med deg! Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

16. Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»

17. Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreitt utover fjella som ein saueflokk utan gjætar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»

18. Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa deg: Han spår meg aldri noko godt, berre vondt?»

19. Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod ikring han, somme på høgre og somme på venstre sida.

20. Då spurde Herren: «Kven vil dåra Akab, så han gjer ei hærferd til Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.

21. Då gjekk ånda fram, stod for Herrens åsyn og sa: «Eg skal dåra han.» «Korleis?» spurde Herren.

22. Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du kan få dåra han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 22