Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 22:40-54 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

40. Så gjekk Akab til kvile hjå fedrane sine, og Akasja, son hans, vart konge etter han.

41. Då Akab hadde vore konge i Israel i fire år, vart Josjafat, son til Asa, konge i Juda.

42. Han var trettifem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilki.

43. Josjafat fylgde i eitt og alt den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens augo.

44. Likevel vart ikkje offerhaugane nedlagde; folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.

45. Josjafat levde i fred med kongen i Israel.

46. Det som elles er å seia om Josjafat og dei storverk han gjorde, og krigane han førte, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

47. Resten av dei som dreiv tempelutukt og som var att frå den tid Asa, far hans, levde, jaga han ut or landet.

48. Den gongen var det ingen konge i Edom. Ein statthaldar stod for styret der.

49. Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle gå til Ofir etter gull. Men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.

50. Den gongen sa Akasja, son åt Akab, til Josjafat: «Lat mine folk fara saman med dine på skipa!» Men det ville ikkje Josjafat.

51. Så gjekk Josjafat til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i fedregrava i byen åt David, far sin, og Joram, son hans, vart konge etter han.

52. Då Josjafat hadde vore konge i Juda i sytten år, vart Akasja, son til Akab, konge over Israel i Samaria. Han styrte i Israel i to år.

53. Akasja gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han fylgde den same vegen som far hans og mor hans hadde fylgt, og som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt, han som fekk Israel til å synda.

54. Han dyrka Ba’al og kasta seg ned for han og harma Herren, Israels Gud, heilt og fullt som far hans hadde gjort.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 22