Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 22:23-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Så har då Herren lagt ei lygnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Men han har varsla ulukke for deg.

24. Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og gav Mika eit slag på kinnet og sa: «Korleis har Herrens Ande fare over frå meg for å tala til deg?»

25. Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ein stad der du kan gøyma deg.»

26. Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til byhovdingen Amon og kongssonen Joasj

27. og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel, og lat han leva på vatn og brød til eg kjem uskadd heim att!»

28. Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til : «Høyr dette, alle folkeslag!»

29. Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.

30. Og Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg den vanlege kledebunaden din.» Så kledde Israels-kongen seg ut og gjekk i striden.

31. No hadde aramearkongen sagt frå til dei trettito hovdingane for stridsvognene sine: «De skal ikkje ta på nokon, anten dei er små eller store, anna enn på Israels-kongen.»

32. Då hovdingane for stridsvognene fekk auga på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så snudde dei seg dit og ville strida mot han. Då sette Josjafat i eit høgt rop.

33. Og straks vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg bort frå han.

34. Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjestakken og brynja. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg ut or slaget! Eg er såra.»

35. Striden vart hardare og hardare den dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna, så han kunne fylgja striden mot aramearane. Blodet rann frå såret ned i vogna, og då kvelden kom, døydde han.

36. Ved soleglad gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!»

37. Såleis døydde kongen, og dei førte han til Samaria og gravla han.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 22