Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 19:4-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. og sjølv gjekk han ei dagslei ut i øydemarka. Der sette han seg under ein gyvelbusk og ynskte at han måtte få døy. «No er det nok,» sa han, «ta livet mitt, Herre! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.»

5. Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. Men best det var, kom ein engel og tok bortpå han og sa: «Stå opp og et!»

6. Og då han såg seg ikring, fekk han auga på eit lite nybakt brød og ei krukke med vatn tett attmed hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att.

7. Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: «Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.»

8. Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet.

9. Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta.Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: «Kva vil du her, Elia?»

10. Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»

11. Då sa Herren: «Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!» Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet.

12. Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing.

13. Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola.Då bar det imot han ei røyst som sa: «Kva vil du her, Elia?»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 19