Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 19:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Akab fortalde Jesabel om alt det Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetane med sverd.

2. Då sende ho ein mann til Elia med det bodet: «Gudane la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje i morgon på denne tid lèt det gå deg som dei.»

3. Då vart Elia redd, gjorde seg ferdig og drog av stad på harde livet. Han kom til Be’er-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han guten sin vera att,

4. og sjølv gjekk han ei dagslei ut i øydemarka. Der sette han seg under ein gyvelbusk og ynskte at han måtte få døy. «No er det nok,» sa han, «ta livet mitt, Herre! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.»

5. Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. Men best det var, kom ein engel og tok bortpå han og sa: «Stå opp og et!»

6. Og då han såg seg ikring, fekk han auga på eit lite nybakt brød og ei krukke med vatn tett attmed hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att.

7. Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: «Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.»

8. Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet.

9. Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta.Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: «Kva vil du her, Elia?»

10. Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 19