Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 17:15-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og sidan hadde dei mat i lang tid, både han og ho og folket i huset hennar.

16. Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen traut ikkje i krusa. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia.

17. Ei tid etter at dette hadde hendt, vart son til kona som åtte huset, sjuk. Og sjukdomen tok han så hardt at det til sist ikkje var livspust i han.

18. Då sa ho til Elia: «Kva har eg med deg å gjera, gudsmann? Du er komen og vil minna meg om synda mi, så guten min skal døy.»

19. Han svara: «Lat meg få son din!» Så tok han guten or fanget hennar, bar han opp på tak-kammeret der han budde, og la han på senga si.

20. Han ropa til Herren og sa: «Herre, min Gud! Vil du verkeleg gjera så vondt mot denne enkja som eg får bu hjå, at du lèt son hennar døy?»

21. Så tøygde han seg tre gonger bortover barnet og ropa til Herren: «Herre, min Gud! Lat barnet få att livet!»

22. Og Herren høyrde bøna åt Elia. Guten fekk att livet; han livna til.

23. Elia tok barnet og bar det frå loftet og ned i stova. Han gav det til mora og sa: «Sjå, son din lever!»

24. Då sa kona til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herren verkeleg talar gjennom deg.»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 17