Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 16:7-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Men gjennom profeten Jehu Hananison hadde Herrens ord alt nått Basja og hans ætt, ikkje berre for alt det vonde han gjorde for Herrens augo då han vekte harmen hans på same vis som Jeroboams-ætta, men òg fordi han hadde tynt heile den ætta.

8. I det tjuesjette året Asa var konge i Juda, vart Ela, son til Basja, konge i Israel. Han styrte i Tirsa i to år.

9. Ein av mennene hans, som heitte Simri og var hovding over halvparten av stridsvognene, fekk til ei samansverjing mot han. Ein gong han var i Tirsa og drakk seg eit rus hjå Arsa, slottshovdingen der,

10. kom Simri dit og slo han i hel. Det hende i det tjuesjuande styringsåret åt Juda-kongen Asa. Og så vart Simri konge etter Ela.

11. Med det same han hadde vorte konge og sett seg på kongsstolen, slo han i hel heile Basjas ætt. Han sparte ikkje ein einaste mann, korkje av dei næraste frendane eller venene hans.

12. Simri rudde ut heile Basjas ætt, så som Herren hadde sagt til Basja gjennom profeten Jehu.

13. For Basja og Ela, son hans, hadde synda og fått israelittane med på all si synd, og med dei gagnlause gudane sine hadde dei harma Herren, Israels Gud.

14. Det som elles er å seia om Ela og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

15. I det tjuesjuande året Asa var konge i Juda, vart Simri konge. Han styrte i Tirsa i sju dagar. Hæren låg den gongen i leir kring Gibbeton, som høyrde filistarane til.

16. Same dagen som alle israelittane i leiren fekk høyra at Simri hadde fått til ei samansverjing og slege kongen i hel, då gjorde dei der i leiren hærføraren Omri til konge over Israel.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 16