Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 16:3-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Difor vil eg no sopa etter Basja og ætta hans. Eg vil gjera med di ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson.

4. Den av Basjas ætt som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»

5. Det som elles er å seia om Basja og det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

6. Så gjekk Basja til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge etter han.

7. Men gjennom profeten Jehu Hananison hadde Herrens ord alt nått Basja og hans ætt, ikkje berre for alt det vonde han gjorde for Herrens augo då han vekte harmen hans på same vis som Jeroboams-ætta, men òg fordi han hadde tynt heile den ætta.

8. I det tjuesjette året Asa var konge i Juda, vart Ela, son til Basja, konge i Israel. Han styrte i Tirsa i to år.

9. Ein av mennene hans, som heitte Simri og var hovding over halvparten av stridsvognene, fekk til ei samansverjing mot han. Ein gong han var i Tirsa og drakk seg eit rus hjå Arsa, slottshovdingen der,

10. kom Simri dit og slo han i hel. Det hende i det tjuesjuande styringsåret åt Juda-kongen Asa. Og så vart Simri konge etter Ela.

11. Med det same han hadde vorte konge og sett seg på kongsstolen, slo han i hel heile Basjas ætt. Han sparte ikkje ein einaste mann, korkje av dei næraste frendane eller venene hans.

12. Simri rudde ut heile Basjas ætt, så som Herren hadde sagt til Basja gjennom profeten Jehu.

13. For Basja og Ela, son hans, hadde synda og fått israelittane med på all si synd, og med dei gagnlause gudane sine hadde dei harma Herren, Israels Gud.

14. Det som elles er å seia om Ela og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

15. I det tjuesjuande året Asa var konge i Juda, vart Simri konge. Han styrte i Tirsa i sju dagar. Hæren låg den gongen i leir kring Gibbeton, som høyrde filistarane til.

16. Same dagen som alle israelittane i leiren fekk høyra at Simri hadde fått til ei samansverjing og slege kongen i hel, då gjorde dei der i leiren hærføraren Omri til konge over Israel.

17. Så drog Omri opp frå Gibbeton med heile hæren, og dei kringsette Tirsa.

18. Då Simri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgtårnet i slottet, brende slottet opp over hovudet på seg og døydde.

19. Dette hende fordi han hadde synda og gjort det som vondt var i Herrens augo. Han hadde fylgt den same vegen som Jeroboam, gjort dei same syndene som han og fått israelittane med på dei.

20. Det som elles er å seia om Simri og den samansverjinga han fekk til, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

21. No delte Israels-folket seg i to. Den eine halvparten fylgde Tibni, son til Ginat, og ville ta han til konge; den andre halvparten fylgde Omri.

22. Dei som heldt med Omri, fekk overtaket over dei som heldt med Tibni, son til Ginat. Så døydde Tibni, og Omri vart konge.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 16