17. Så drog Omri opp frå Gibbeton med heile hæren, og dei kringsette Tirsa.
18. Då Simri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgtårnet i slottet, brende slottet opp over hovudet på seg og døydde.
19. Dette hende fordi han hadde synda og gjort det som vondt var i Herrens augo. Han hadde fylgt den same vegen som Jeroboam, gjort dei same syndene som han og fått israelittane med på dei.
20. Det som elles er å seia om Simri og den samansverjinga han fekk til, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
21. No delte Israels-folket seg i to. Den eine halvparten fylgde Tibni, son til Ginat, og ville ta han til konge; den andre halvparten fylgde Omri.
22. Dei som heldt med Omri, fekk overtaket over dei som heldt med Tibni, son til Ginat. Så døydde Tibni, og Omri vart konge.
23. I det trettifyrste året Asa var konge i Juda, vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrte han i seks år.
24. Omri kjøpte Samaria-fjellet av Sjemer for to talentar sølv. Der bygde han ein by og kalla han Samaria etter Sjemer, som hadde ått fjellet.
25. Omri gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han bar seg jamvel verre åt enn alle dei som hadde vore før han.
26. Han fylgde i eitt og alt den same vegen som Jeroboam Nebatsson og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Med dei gagnlause gudane sine harma han Herren, Israels Gud.
27. Det som elles er å seia om Omri og det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
28. Så gjekk Omri til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Akab, son hans, vart konge etter han.