Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 16:15-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. I det tjuesjuande året Asa var konge i Juda, vart Simri konge. Han styrte i Tirsa i sju dagar. Hæren låg den gongen i leir kring Gibbeton, som høyrde filistarane til.

16. Same dagen som alle israelittane i leiren fekk høyra at Simri hadde fått til ei samansverjing og slege kongen i hel, då gjorde dei der i leiren hærføraren Omri til konge over Israel.

17. Så drog Omri opp frå Gibbeton med heile hæren, og dei kringsette Tirsa.

18. Då Simri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgtårnet i slottet, brende slottet opp over hovudet på seg og døydde.

19. Dette hende fordi han hadde synda og gjort det som vondt var i Herrens augo. Han hadde fylgt den same vegen som Jeroboam, gjort dei same syndene som han og fått israelittane med på dei.

20. Det som elles er å seia om Simri og den samansverjinga han fekk til, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

21. No delte Israels-folket seg i to. Den eine halvparten fylgde Tibni, son til Ginat, og ville ta han til konge; den andre halvparten fylgde Omri.

22. Dei som heldt med Omri, fekk overtaket over dei som heldt med Tibni, son til Ginat. Så døydde Tibni, og Omri vart konge.

23. I det trettifyrste året Asa var konge i Juda, vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrte han i seks år.

24. Omri kjøpte Samaria-fjellet av Sjemer for to talentar sølv. Der bygde han ein by og kalla han Samaria etter Sjemer, som hadde ått fjellet.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 16