Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 15:5-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. For David gjorde det som rett var i Herrens augo. I heile sitt liv veik han ikkje av frå noko av det Herren hadde bode han, så nær som den gongen han synda mot hetitten Uria.

6. Abia hadde ufred med Jeroboam så lenge han levde.

7. Det som elles er å seia om Abia og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Abia og Jeroboam låg i strid med einannan.

8. Så gjekk Abia til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Asa, son hans, vart konge etter han.

9. I det tjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asa konge i Juda.

10. Han styrte i Jerusalem i førtiein år. Farmor hans heitte Ma’aka og var dotter til Absalom.

11. Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans, hadde gjort.

12. Dei mennene som dreiv tempelutukt, jaga han ut or landet, og han fekk bort alle avgudane som fedrane hans hadde laga.

13. Han tok jamvel frå Ma’aka, farmor si, dei rettar som fylgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit grysjeleg bilete for Asjera. Dette biletet hogg han ned og brende det i Kedron-dalen.

14. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Likevel heldt Asa seg til Herren av heile sitt hjarta så lenge han levde.

15. Dei gåvene som far hans hadde vigt til Herren, og dei han sjølv hadde vigt, førte han til Herrens hus. Det var både sølv og gull og andre ting.

16. Mellom Asa og Basja, kongen i Israel, var det ufred så lenge dei levde.

17. Basja, Israels-kongen, gjorde ei hærferd mot Juda og bygde festningsverk i Rama, så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.

18. Då tok Asa fram alt sølvet og gullet som var att i skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden. Han gav det til mennene sine og sende dei til Benhadad, kongen i Aram, som var son til Tabrimmon og soneson til Hesjon og budde i Damaskus. Dei skulle seia til han:

Les hele kapitlet 1. Kongebok 15