Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 15:23-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Det som elles er å seia om Asa, om alle storverka hans og alt det andre han gjorde, og om byane han bygde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. På sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føtene.

24. Så gjekk Asa til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd hjå dei i byen åt David, far sin, og Josjafat, son hans, vart konge etter han.

25. I det andre året Asa var konge i Juda, vart Nadab, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Israel i to år.

26. Nadab gjorde det som vondt var i Herrens augo; han fylgde den same vegen som faren og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

27. Basja, son til Akia av Jissakars-ætta, fekk til ei samansverjing mot Nadab og slo han i hel bortmed Gibbeton, ein by som høyrde filistarane til. Det hende medan Nadab og alle israelittane heldt byen kringsett.

28. Det var i tredje styringsåret åt Asa, Juda-kongen, at Basja drap Nadab og vart konge etter han.

29. Då han hadde vorte konge, slo han i hel heile Jeroboams ætt. Han sparte ikkje eit einaste liv i kongsætta, men rudde dei heilt ut. Då vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Akia frå Sjilo, tenaren sin.

30. Dette var straffa for dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fått israelittane til å gjera. For på den måten hadde han harma Herren, Israels Gud.

31. Det som elles er å seia om Nadab og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 15