Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 15:15-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Dei gåvene som far hans hadde vigt til Herren, og dei han sjølv hadde vigt, førte han til Herrens hus. Det var både sølv og gull og andre ting.

16. Mellom Asa og Basja, kongen i Israel, var det ufred så lenge dei levde.

17. Basja, Israels-kongen, gjorde ei hærferd mot Juda og bygde festningsverk i Rama, så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.

18. Då tok Asa fram alt sølvet og gullet som var att i skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden. Han gav det til mennene sine og sende dei til Benhadad, kongen i Aram, som var son til Tabrimmon og soneson til Hesjon og budde i Damaskus. Dei skulle seia til han:

19. «Som du veit, er det ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg ei gåve av sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, kongen i Israel, så han må fara bort frå meg.»

20. Benhadad gjorde som kong Asa sa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel og tok Ijjon, Dan, Abel-Bet-Ma’aka og alle Kinneret-bygdene, attåt heile Naftali-landet.

21. Då Basja fekk melding om det, heldt han opp med å byggja festningsverk i Rama. Han busette seg i Tirsa.

22. No kalla kong Asa inn alt mannskap i Juda – ingen vart friteken; og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde nytta då han bygde ut Rama. Med det reiste kong Asa festningsverk i Geba i Benjamin og i Mispa.

23. Det som elles er å seia om Asa, om alle storverka hans og alt det andre han gjorde, og om byane han bygde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. På sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føtene.

24. Så gjekk Asa til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd hjå dei i byen åt David, far sin, og Josjafat, son hans, vart konge etter han.

25. I det andre året Asa var konge i Juda, vart Nadab, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Israel i to år.

26. Nadab gjorde det som vondt var i Herrens augo; han fylgde den same vegen som faren og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 15