Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 15:12-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Dei mennene som dreiv tempelutukt, jaga han ut or landet, og han fekk bort alle avgudane som fedrane hans hadde laga.

13. Han tok jamvel frå Ma’aka, farmor si, dei rettar som fylgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit grysjeleg bilete for Asjera. Dette biletet hogg han ned og brende det i Kedron-dalen.

14. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Likevel heldt Asa seg til Herren av heile sitt hjarta så lenge han levde.

15. Dei gåvene som far hans hadde vigt til Herren, og dei han sjølv hadde vigt, førte han til Herrens hus. Det var både sølv og gull og andre ting.

16. Mellom Asa og Basja, kongen i Israel, var det ufred så lenge dei levde.

17. Basja, Israels-kongen, gjorde ei hærferd mot Juda og bygde festningsverk i Rama, så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.

18. Då tok Asa fram alt sølvet og gullet som var att i skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden. Han gav det til mennene sine og sende dei til Benhadad, kongen i Aram, som var son til Tabrimmon og soneson til Hesjon og budde i Damaskus. Dei skulle seia til han:

19. «Som du veit, er det ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg ei gåve av sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, kongen i Israel, så han må fara bort frå meg.»

20. Benhadad gjorde som kong Asa sa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel og tok Ijjon, Dan, Abel-Bet-Ma’aka og alle Kinneret-bygdene, attåt heile Naftali-landet.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 15