Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 12:21-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Juda-folket og Benjamins-ætta, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israels-riket og vinna kongedømet att åt Rehabeam, son til Salomo.

22. Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja, og det lydde så:

23. «Sei til Rehabeam, son til Salomo, kongen i Juda, og til heile Juda- og Benjamins-ætta og alt hitt folket:

24. Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot israelittane, brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og fór heim att, som Herren hadde sagt.

25. Jeroboam bygde ut Sikem i Efraims-fjella og busette seg der. Sidan flytte han bort derifrå og bygde opp att festningsverka i Penuel.

26. Jeroboam tenkte med seg: «Riket kunne snart gå attende til Davids-ætta.

27. Skal dette folket fara opp til Jerusalem og bera fram offer i Herrens hus, kjem dei atter til å venda hugen til den gamle herren sin, Juda-kongen Rehabeam. Så drep dei meg og gjev seg under han att.»

28. Kongen heldt råd, og så laga han to gullkalvar og sa til folket: «No har de lenge nok fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, dei som førte deg opp frå Egypt.»

29. Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 12