Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 12:14-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. men svara så som dei unge hadde rådt han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»

15. Kongen høyrde ikkje på folket. Herren laga det så, fordi han ville oppfylla det ordet han hadde tala til Jeroboam Nebatsson gjennom Akia frå Sjilo.

16. Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret:«Kva del har vi i David?Vi har ingen lut i Isai-sonen.Heim til telta dine, Israel!Syt no, David, ¬for ditt eige hus!»Så fór israelittane heim att.

17. Og Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i Juda-byane.

18. Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel, og Rehabeam sjølv laut i all hast stiga opp i vogna si og røma til Jerusalem.

19. Såleis fall Israel frå Davids-ætta, og såleis har det vore til denne dag.

20. Då Israels-folket fekk høyra at Jeroboam var komen heim att, sende dei bod etter han og henta han til tings. Der gjorde dei han til konge over heile Israel. Berre Juda-ætta heldt seg til Davids hus.

21. Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Juda-folket og Benjamins-ætta, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israels-riket og vinna kongedømet att åt Rehabeam, son til Salomo.

22. Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja, og det lydde så:

23. «Sei til Rehabeam, son til Salomo, kongen i Juda, og til heile Juda- og Benjamins-ætta og alt hitt folket:

24. Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot israelittane, brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og fór heim att, som Herren hadde sagt.

25. Jeroboam bygde ut Sikem i Efraims-fjella og busette seg der. Sidan flytte han bort derifrå og bygde opp att festningsverka i Penuel.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 12