Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 10:6-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. og sa til kongen: «Så var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!

7. Eg ville ikkje tru det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne augo. Men no ser eg at dei ikkje har fortalt meg halvparten; du er både visare og rikare enn eg har høyrt.

8. Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane dine, som alltid får stå framfor deg og høyra visdomen din!

9. Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på Israels kongsstol. Fordi Herren alltid har Israel kjær, har han sett deg til konge, så du skal fremja rett og rettferd.»

10. Så gav ho kongen hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd med krydder og dyre steinar. Det har aldri sidan kome slik ei mengd med krydder til landet som det Saba-dronninga gav kong Salomo.

11. Elles hadde skipa til Hiram, som henta gull frå Ofir, med seg store mengder sandeltre og dyre steinar derifrå.

12. Av sandeltreet fekk kongen laga rekkverk til Herrens hus og kongsgarden og lyrer og harper til songarane. Aldri har det kome så mykje sandeltre til landet eller vore å sjå til denne dag.

13. Kong Salomo gav Saba-dronninga alt det ho hadde hug på og bad om, forutan det han gav henne i kongeleg venskapsgåve. Så tok ho av stad og fór heim att til landet sitt saman med tenarane sine.

14. Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.

15. Til det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet.

16. Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sekel gull.

17. Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 10